Seaweed from Norway
På Værlandet Bulandet, det vestlegaste øysamfunnet i Norge, har vi gjennom generasjonar hausta av det sjøen har gitt. Det nære og avhengige forholdet til sjøen har lært oss noko om bærekraftig fangst. At vi er blitt pionerar på dyrking av tare til mat er difor ikkje unaturleg.
Plasseringa ytst i Sognefjorden, med nærleiken til den kalde og friske Nordsjøen, sikrar optimale forhold for dyrking og naturleg vekst av tang og tare.
Selskapet Seaweed as har produksjon og administrasjon på Bulandet, og er eigd av lokale eigarar frå Værlandet Bulandet.